Corpse bride - DIY kostyme

På Laurdag var eg på Halloweenfest med Tim Burton tema. Eg kledde meg ut som Emily frå ''Corpse Bride''. Sminken og håret er fiksa av Elisabeth Daniel som er ein utruleg dyktig frisør som held til i Ålesund sentrum. Ho er veldig kreativ og fikser alt frå hår, brudesminke og spesialsminke som på meg. Eg anbefaler ho på det varmaste! Brudekjolen er kjøpt på finn og eg farga den med blå tekstilfarve. Sløret kjem frå Ebay og det har eg brent mange hull i og tråkka ned i gjørma for å få ein look av at eg har kome opp frå grava. Blomekransen på hovudet er og frå Ebay og er spraya med svart og blå farve for å gje ein meir daud utsjånad på blomane. Brudebukketen er frå eit bryllaup i 2015 som eg har tørka og bevart. Eg har jo blått hår, men sidan Emily i filmen har langt hår har eg brukt clip on extensions.

''With this hand I will lift your sorrows. Your cup will never be empty, for I will be your wine. With this candle, I will light your way into darkness. With this ring, I ask you to be mine.''

- Victor Van Dort.

''Maybe perhaps he does belong with her...
...Little Miss Living, with her rosy cheeks and beating heart.
''

- Emily

Nokon av dokker har kanskje ikkje sett Tim Burton filmen ''Corpse Bride'', så eg legg ut nokon bilete av Emily frå filmen. Så kan dokker sjølv vurdere om kostymet liknar på karakteren eg har tatt utgangspunkt i.

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

#halloween2017look

2 kommentarer

Pernille

29.10.2017 kl.21:29

Kjempe stilig kostyme, jeg er imponert.
Pernille: Tusen takk <3

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.
    hits