hits

Eit litt mindre vondt år

Me ynskjer alle eit betre år, men kva er ein god oppleving og kva er ein vond oppleving?

Me har fått den forståinga om at ein god oppleving er ein enkel oppleving. Når alt går på skinner og me ikkje blir mentalt utfordra. Når det går slik som me vil. Når livet ikkje svarar til forventningane gjer det vondt. Kvifor? Kvifor alltid meg? Kvifor skjer dette? Kvifor kan det ikkje berre gå slik som eg vil? Offermaska bli tatt på. Men det er ikkje meininga at livet skal vera enkelt. Viss alt går som me vil, blir me aldri utfordra og me kjem aldri til å vakse og læra. Dei vonde opplevingane, dei vanskelege stundane, det er dei som formar oss, lærar oss, utviklar oss, viser oss korleis det verkeleg er å vera eit sårbart lite menneskje i det gedigne universet. Eg ville aldri ha vore det forutan. Er ikkje dei vonde opplevingane eigentleg dei gode?

Livet er framleis vanskeleg og tomt utan Loke. Det er alltid noko som manglar og eg veit ikkje om eg nokon gong kjem til å kjensle på eit 100% godt nytt år igjen. Kanskje eit betre år, kanskje eit litt enklare år, men ikkje eit godt år. Ikkje på same måte. Ikkje på den naive, livet er så flott måten.

Eg velgjer å ynskje 2018 velkomen, utan forhåpningar og forventningar om ''betre tider''. Eg ynskjer 2018 velkomen med alle sine utfordringar.

2017 har vore eit relativt roleg og avslappande år samenlikna med 2015 og 2016. For alt eg veit kjem det til å fortsette på det viset framover, men eg tørr ikkje å håpe på noko.

Eg ynskjer alle mine nære og fjerne eit "litt mindre vondt" år, med litt meir glede og litt mindre sorg.

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.