hits

Svar på spørsmålsrunde

Betre seint enn aldri - her er svara frå spørsmåla som blei stilt i spørsmålsrunda mi April 2017. Har dokker fleire kleine spørsmål kan dokker leggje dei igjen i kommentarfeltet!

 

Kvifor sluttet du å blogge?

Eg har ikkje slutta å blogge. Berre tek nokon pauser innimellom.

Kjem du til å slutte å blogge igjen?

Med tanke på at eg no svarar på spørsmåla frå spørsmålsrunden frå April 2017 trenger eg vel ikkje utdype det noko meir. Eg skal prøve å halde det gåande, men eg kan ikkje love noko.

Korleis fekk du så kvitt hår som på bilete?

Ein må bleike håret så lyst som mogleg, og deretter tone det. Det eg har gjort er å farge håret blått, og farge det rosa etter at fargen har fada. Når rosafargen har blitt vaska ut har eg då endt opp med nesten hvitt hår. Når eg hadde heilt kvitt brukte eg toner og blåsjampoo.

Korleis går det med borna dine?

Dei har det supert!

Har du lyst på fleire born?

Vanskeleg spørsmål. Eg er ikkje synsk og veit ikkje kva framtida bringer.

Viss ja, kor mange?

Koman 😂 Menneskers nysgjerrighet kjenner ingen grenser. Eg veit no vel ikkje.

Har du lyst å gifte deg på nytt?

Dokker får vente og sjå.

Har du ein favorittblogger?

Eg les ikkje så mange blogger sjølv. Les ein del blogger om det å miste barn. Når det gjeld "vanlege" blogger, har eg veldig sansen for Sophie Elise. Fordi ho tek opp sammfunnskritiske tema og ikkje berre er ei pyntedokke.

Har du eit kjendiscrush?

Lady Gaga er vel det nærmaste ein kan kome.

Har du ein snapchat leserne kan fylgje?

Eg har ein vanleg Snapchat, men velgjer å ha den privat slik at eg veit kven som ser det eg deler. Har eit par som les bloggen min der då, av den grunn at dei tippa seg fram 😜 Men eg har ikkje lyst å ha så mange der. Dokker kan heller fylgje meg på instagram eller facebooksida mi.

Korleis klarer du å gå på høgskole samstundes som du er ålene med to born?

Merkeleg spørsmål. Eg klarer det no berre.

Får du mykje hjelp frå familien din?

Ikkje meir hjelp enn det eg trur er normalt å få frå familien. Dei stiller opp når eg treng det 😊 

Korleis er du så sterk?

Eg er ikkje så valdsamt sterk eigentleg. Eg berre gjer det eg må. Kan ikkje berre leggje meg ned å gi opp. Kindof fysisk umuleg.

Har du nokon oppdateringer om borneboka di?

Nei. Eg er alt for treig med det der. Det kjem når det kjem. Eg må fyrst og framst fokusere på meg sjølv, borna og skule akkurat no. Men den kjem.

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

2 kommentarer

04.01.2018 kl.13:32

Tid du begynte å skrive nynorsk da? :P
Anonym: Når eg ufrivillig måtte ha 6timers eksamen i nynorsk med ingen hjelpemidler tillatt. Ikkje. Eingong. Ordbok :(

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.