hits

Born på kafé er ikkje berre berre

Idag fekk eg lyst til å gjere noko anna enn å berre vere heime. Det er veldig lenge sidan eg tok med ungane på kafé, så eg tenkte at det var ein god idé. Då slapp eg å lage middag og. Difor tok eg med ungane på Devoldfabrikken etter at eg henta dei på skulen og bornehagen.

Men eg hadde gløymt kvifor det var så lenge sidan eg tok med ungane på kafé.

Det er nemleg ikkje berre berre å ha med to born ut for å spise. Debora er ikkje den som sitt mest i ro, og ho song og dansa rundt. Mikkel nekta plent å spise maten sin, til tross for at det var pannekaker med blåbærsyltetøy. Han ville absolutt ha mine nachochips med salsasaus, som eg ikkje trur hadde vore noko serleg for fordøyelsessystemet hans. Når eg hadde prøvd å mate han i omtrenleg 40 minutt prøvde eg å gje han den andre pannekaka som eg ikkje hadde smurt inn med syltetøy endå. Han tok heile pannekaka utan å nøle, stappa den i munnen og tok ein stor bit. Eg begynte å le, då eg synes det var litt underleg at pannekaka utan noko på var sååååå mykje betre enn den andre.

Til slutt blei Mikkel utålmodig så me måtte gå vidare. Det blei litt protestar på at det ikkje blei kake og is, men eg kjøpte heller ein pakke på butikken på veg heim.

Eg spiste ihvertfall opp all maten min. Omnom!

Ja, og eg fant ein kjempefin dress idag! Alltid greit å ha fleire dressar då dei må vaskes ganske ofte. Og denne var så fin at eg rett og slett ikkje klarte å dy meg.

Synes du det er berre berre å dra på kafé med små born?

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

4 kommentarer

05.01.2018 kl.20:07

Varrierer! Noen ganger er det superlett og andre ganger veldig krevende! Varrierer vell på dagshumør😩😊
Anonym: Haha! Ja, det kjem vel litt an på kva humør ungane er i. Nokon gongar er det mindre problematisk enn andre :)

06.01.2018 kl.20:54

Hvor har du kjøpt dressen?? :) Den var kjempefin!
Anonym: Phister & Philina / Racoon Outlet på devoldfabrikken :)

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.