hits

Sorgreaksjonane ingen ser

Eg må ta eit oppgjer med meg sjølv. Eg klarer ikkje lyge meir. Fasaden eg har bygd opp om at alt er bra stemmer ikkje. Sjølvskryt over kor bra eg har takla det og kva eg har oppnådd funger ikkje. Livet mitt er så forandra at det ikkje skulla ha vore mogleg. Forventningane mine over kva livet hadde å by på er knust.

Sorg viser seg på mange måtar. Det er ikkje alt som er like synleg. Eller, synleg er det. Det er berre det at alle ikkje ser at det er snakk om sorgreaksjonar.

Ein fremtidig superhelt med solbriller.

Rotet baler seg på i heimen, og eg greier ikkje å halde kontroll. Eg mistar kontakten med vennar og familie. Eg har problemar med å oppretthalde kontakta fordi eg har så mykje med meg sjølv. Skulearbeidet hopar seg opp, og eg leverer alt i siste liten. Eg har ikkje noko anna valg enn å stå opp sidan eg har born, men hadde det vore opp til meg kunne eg sikkert ha vore i senga heile dagen. Om natta kan eg vakne klokka 2 av eit forferdeleg mareritt og ikkje få sove igjen. Klesvasken er ein stor spøk. Å dusje annankvar dag er ein byrde. Små ting som alle andre klarer kan verke som ein kamp for meg.

Eg har vore for stolt til å innrømme det - til og med for meg sjølv. Eg vil så gjerne vera vellykka. Eg vil så gjerne vera ein av dei som hoppar ut av senga i rein motivasjon klokka 6 og har matpakkane klare. Sanninga er at eg ålar meg ut av senga klokka kvart på 8 og stresser i siste liten med å få alt klart. Selvfølgeleg, som det stolte menneskjet eg er, piskar eg meg sjølv. Det gjer ikkje meining, for eg hadde jo aldri gjort det mot nokon andre i same situasjon. Då hadde eg sagt: "Men kjære deg. Du har opplevd det verst tenkelege tapet ein kan sjå for seg. Ikkje vær så streng mot deg sjølv. Ta vare på deg sjølv. Om du ikkje får levert skulearbeidet i tide, så sei ifrå til lærarane. Om klesvasken hopar seg opp, spør om hjelp. Ikkje sjå på det som eit nederlag at du ikkje har heimelaga middag og plettfritt hus til einkvar tid - så lenge du og borna har det godt er det i lengda ikkje så nøye". Kvifor er det så mykje vanskelegare å vera snill med seg sjølv? Til meg sjølv kan eg tenkje: "Din latsabb. Det hopar seg opp. Brett klesvasken. Du er elendig, du får ikkje til det som alle andre får til. Kva er galt med deg?".

Det er lett å tenkje at det har gått lang tid no. Det er tross alt snart 3 år sidan Loke døyde. Men sorga fungerar ikkje slik for meg. Den er like stor, eg har berre blitt meir vandt til det. Eg har bygd opp ein fasade eg ikkje klarar å halde oppe.

Eg har gode dagar. Dagar der eg kan få gjort mykje og eg og ungane er ute og byggjer snøhule og baker småkaker. Men eg kan og ha vonde dagar. Forferdeleg, tunge og ubeskriveleg vonde dagar. Dagar der eg er lei meg fordi Loke ikkje er her. Dagar der eg er illsint fordi akkurat mitt born måtte døy. Det forvirrar meg. At eg ein dag kan kjensle at eg er verdas heldigste med dei nydelege borna mine og alle dei flotte menneska rundt meg... Men den neste kan eg rope ut navnet Loke i lufta og føle at eg blir frustrert fordi eg ikkje får noko svar.

Sorga går i daler - den går ikkje over.

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

8 kommentarer

06.01.2018 kl.20:58

Du er mer enn god nok som du er!! Ingen har alt helt perfekt hele tiden... Jeg som ikke har opplevd noe slikt og bare er en "vanlig småbarnsmamma" har heller ikke alt under kontroll. Ikke vær så streng mot deg selv. Du er helt unik og en stor inspirasjon for meg og mange andre <3 Stor klem <3
Anonym: Stor klem tilbake <3 Dei gode orda dine betyr meir enn du trur <3

06.01.2018 kl.22:08

Hei <3 kjenner meg att i det du skriv. Det er lett å bygge opp en fasade slik som du har gjort. Eg har gjort det samme. Er veldig flink å ta meg sammen i lag med andre, men innenfor mitt eget hus er der kaos...gjer ingenting, orker ingenting, søv dårlig, trøstespise, trøtt, slapp og sliten..og heilt tom. Savn og sorg er vanskelig å sette ord på, men det set djupe spor innvendig <3
Anonym: <3 både trist og fint at nokon kjenner seg igjen <3
Stor klem til deg. Håper du har fleire av dei gode dagane enn dei vonde <3

Hanne

07.01.2018 kl.20:26

Jeg tror de fleste som har mistet barn har det likedan, men vi tar på oss maska vår og gir verden det den vil ha; "Joda, det går bra nå."

Og hva gjør det vel om det er litt rot i krokene og klesvask på vent? DET betyr da ingenting!

Livet vårt ble ikke som vi trodde, og det er alltid en som mangler. Her også, etter 13 år.

Klem til deg ☺💕
Hanne: <3 Det tek du nok rett i.
Og ja, du har rett. Rot og klesvask er ikkje det viktigaste. Er berre så lett å vere streng mot seg sjølv.

Klem tilbake <3 <3

Astrid

07.01.2018 kl.21:23

Bare det å klare å innrømme for seg selv at man sliter viser mot og styrke! Jeg har ingen forutsetninger for å skjønne sorgen din, og forhåpentlig vil jeg aldri få det heller, men som mor kan jeg ikke forestille meg noe verre enn å miste barnet sitt, og jeg vil tørre å påstå at absolutt INGEN forventer at huset ditt er ryddig hele tiden, eller at skolearbeidet går problemfritt, eller i det hele tatt noe av det du skriver! Bare det at du går på skole med to barn, sorgen etter Loke, og alt annet som måtte foregå i livet ditt, er så sjukt beundringsverdig. Prøv å ikke være så streng med deg selv! Fokuser heller på alt du klarer, og tenk at det ABSOLUTT ikke er noe galt med tunge og vonde dager! Du har en bagasje som de aller fleste ikke har, og derfor er det urimelig overfor deg selv å forvente at du skal klare det samme som "alle andre", uansett hvor sterkt du ønsker det. Bare det at du har kommet så langt som du har er ganske uforståelig for meg. Du er ei nydelig og sterk jente, Marte! Prøv å ikke være så hard mot deg selv! ❤️
Astrid: <3 Tusen takk Astrid. Orda dine betyr meir enn du trur.
Veit ikkje kva meir eg kan seie enn takk <3

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.