hits

Litt av ei helg og flybillettar bestilt

På Fredagen var me på kafé og eg skreiv eit innlegg om at born på kafé er ikkje berre berre.

På laurdagen hadde eg eine tantebornet mitt på overnatting. Han og Debora krangla litt som born flest, men dei blei no vennar igjen. Laga heimelaga pizza, leika litt ute og rangla foran tv-en.

Idag var me på middagsbesøk og Debora var ikkje heilt i slaget. Viste seg ikveld at det moglegvis er spysjuka som har kome i hus. Når eg skulle køyre og hente Mikkel klarte eg ikkje å kome meg opp ein bratt bakke med bilen. Den gav ikkje nok gass uansett kva eg prøvde, men alle dei andre bilane kom seg opp. Sikkert eg som gjer noko feil. Heldigvis kunne dei møte meg der eg satt fast, så får eg litt meir tid til å reflektere over korleis eg skal køyre opp isglatte bakkar.

Car Floating in Water
Licensed from: TheBlackRhino / yayimages.com

Helga har vore litt hektisk med andre ord.

Eg har og endeleg tatt med tida til å bestille flybillettar til samlinga mi på Notodden i uke 3. Som alltid i siste liten.

Har di helg vore hektisk?

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.