hits

Uhelbredelige kviser

Eg har lenge hatt problemer med huda mi. Som regel bruker eg sminke for å skjule det. Huda mi har mykje ureinheter eg ikkje blir heilt kvitt.

Allreie når eg gjekk på bornskulen starta problemet. På ungdomsskulen gjekk eg til legen, og det fyrste eg prøvde var forskjellige dyre renseprodukt. Etter det blei det basiron. Når det heller ikkje fungerte blei det Skinoren på resept. Eg tenkte for meg sjølv at det kom til å bli betre når eg blei eldre. Men no er eg tross alt 24 og vil bli kvitt dei.

Når det heller ikkje fungerte å kombinerte skinoren og basiron, fekk eg epiduo. No har eg nyleg gått på ein 12 ukers antibiotikakur samstundes som eg har brukt epiduo. Det fungerte faktisk! Problemet er berre: No når eg har slutta på antibiotika ser eg at ureinheitane er på veg tilbake. Eg blir så sint! Er det noko der ute som fungerar?

Eg blei fortald at neste steg for meg viss dette ikkje fungerte var hudlege. Så eg får ta meg turen dit. Fyrst kan eg no prøve med litt basiron og ansiktsrens for å sjå om antibiotikan moglegvis har gjort dei enklare å få knekken på.

Er det nokon der ute som har gode råd på korleis eg faktisk kan bli kvitt dette problemet?

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

4 kommentarer

Anonym

10.01.2018 kl.21:37

Anbefaler Ålesund hudlege. Dattra mi gikk på noe tabelletter som heter isotretinoin. Dei hadde ho god hjelp av. Ho gikk på det i ett halvt år og resultatet ble fin hud. Ikke bli skremt av alle bivirkningene. Ho fikk tørre lepper og litt vondt i skjelettet pluss tørr hud. Det er mange gode fuktighetskremer å bruke.
Anonym: Tusen takk for tips!! :)

kristine

11.01.2018 kl.12:13

Hei

Jeg har prøvd alt utenom isoteretoninoin. Jeg orket rett og slett ikke da jeg hørte om alle bivirkningene. For meg har det faktisk fungert å bruke mindre produkter. Huden min er ikke perfekt, men den er mye mye bedre. Og jeg hadde store hudproblemer til jeg var rundt 28 år. Jeg har enda perioder med urenheter, men ikke like ile som det var. Da jeg til slutt ga opp og ikke brukte noe tok det noen måneder så var huden bedre. Jeg vet det er tidenes kjedeligste råd.

Jeg har vært gjennom laserbehandlinger på arr som har gjort det lettere å ikke bruke sminke.

Sorry om det her var tidenes kjedeligste råd, men huden min har faktisk blitt mye bedre (selvom det tok tid).
kristine: Takk for tips. Har prøvd å ikkje bruke noko men då blei det berre verre :(
Har ikkje lyst å prøve isoteretoninin då eg kjenner nokon som fekk diabetes av det! Takk for din erfaring sjølv om et ikkje fungerte for meg!

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.