hits

Til den eg var

Lille pike, gå ned frå skyane dine. Lykka kjem til å vera kortvarig. Korleis kan du vera så naiv? Trur du ikkje livet kan skade deg? Berre vent, lille pike. Ta skylappane ned frå augonane.

Trur du at du har kjent på ekte smerte før, lille deg? Berre vent, så skal du få sjå. Smerten av eit dødt born skal snart bli brent inn i deg. Dine eigne høge skrik vil spille på repeat i hovudet ditt. Synet av din eigen livlause son i armane dine vil heimsøke deg i draumane dine. Lyden av pust som berre sig ut av små babylunger vil skjære i øyrane. Å berre riste i sitt eiga born, men ingen tegn til liv...... Det finnes ingen ord, vesle deg. Hadde eg kunne sagt dette til deg hadde du ikkje trudd på meg.

For det går jo ikkje an å miste eit born, gjer det vel? Ikkje i dagens Noreg, det skjer jo ikkje meg? Det er jo berre slikt som eg les om i avisa, i ukeblad og høyrer om frå ei venninnde? Det kan jo ikkje skje MEG, det kan jo ikkje skje med min familie? At born døyr er jo berre ein fjern historie eg helst vil ha på avstand. "Huff, ikkje snakk om det. Eg blir så redd", kunne eg seie og vugge min dyrebare skatt. Så ung. Så dum. Så naiv. Eg forstod berre ikkje.

Det kunne vera mitt born. Eg hadde ingen garantier. Men det heile verka så fjern på førehånd. Kven førestiller seg at sitt eiga born skal døy? Eg var berre 21 år. Eg hadde ikkje eingong evna til å tenkje så langt. Eg trudde eg skulle hoppe frå sky til sky for resten av livet.

Eg veit korleis du har planlagt livet ditt. Du kjem til å få eit sjokk. Ingenting vil bli som før. Livet ditt kjem til å vere kategorisert i "før" og "etter". Kontrastane er enorme. Eg veit at du trur at du er for svak til å overleve det du skal oppleve. Men du er sterk nok. Du har styrken til å overleve søvnløse netter og endeløse dager. Du har styrken til å bære din eigen son til grava. Du veit det berre ikkje endå. Det kjem dagar der du kjensler at du ikkje orkar meir. At du må gje opp. Men det kjem og dagar der dette vil styrke deg så mykje at du oppnår ting du aldri hadde trudd.

Eg veit at du streber etter lykke og er redd for sorg. Eg veit at du er redd for smerte fordi du trur at det jager vekk glede. Men du kjem til å få kjenne på det langt inn i hjarterota. Sorga kjem til å gro seg fast i deg og bli ein del av deg. Men husk kor sorga kjem frå: Sorga kjem frå den uendelege kjærleiken du følte, og endå føler for din son.

Hadde du berre visst kva som stod foran deg.

Berre vent.

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

4 kommentarer

Stine Jensen

11.01.2018 kl.21:43

Tårene renner - for en utrolig sterk skildring av noe så ubeskrivelig grusomt! Ord kan ikke beskrive, men like vel beskriver du så godt! Sender deg masse styrketanker <3
Stine Jensen: Tusen takk <3 Klem tilbake <3

Judith

11.01.2018 kl.21:50

😢❤️❤️
Judith: <3

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.