hits

Heimreise

Etter ei både kjekk og strevsom uke på Notodden, har eg satt meg på bussen for å reise heim. Eg tek buss til flyplassen og fly vidare til Ålesund. Eg kjem ikkje heim før seint i kveld, sidan eg har hatt undervisning idag og.

I pedagogikk har me hatt foredrag med nokon utruleg dyktige damer. Dei fordyper seg i stemmebruk og kroppsspråk i undervisningssamanheng. I Norsk har me hatt om pragmatikk, og ho som hadde oss dei to dagane er så utruleg motiverande! Fyrste året hadde me om morfologi, syntaks osv, og ho fekk det heile til å bli morosamt. I Kunst og Handverk laga me vår eiga grindvev, og etter det har me begynt såvidt med å sette inn trådane. Me fekk og mala vingevesena me brente forrige gong! Det er kjekt å gå på skule til tross for eit tungt pensum, når lærarane gjer ein så god jobb.

Vingevesenet mitt, Draume.

Veving på gong.

Litt av maten eg spiste, #instafood liksom.

No skal det bli godt å kome heim!!

 

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.