hits

Det snør, det snør... tiddeli DUN!

Eg har i fleire år hatt ei dunjakke. Ei dunjakke eg har grodd inn i. Sunnmøring som eg er, kjøpte eg den på tilbud for 299,- kroner. Det er veldig billig for ei Bergans Dunjakke. Poenget er ihvertfall; eg grodde inn i den.

Så skjedde det noko forferdeleg. Eg veit ikkje korleis, men den fekk fleire hull. Det eine hullet begynte lite, men vakste seg større for kvar dag som gjekk. Fyrst datt det berre ut eit par flygande dunfjær ein gong innimellom. Til slutt måtte eg strategisk planlegge korleis eg gjekk for at det ikkje skulle kome ei sky med dun ut. Tantebornet mitt på min alder lo av meg fordi bilen min var full av dun.

Men ny jakke, det ville eg ikkje kjøpe meg.

Så kom skjebnedagen. Onsdag den 31 Januar 2017. Eg var på politistasjonen for å fikse pass til eldstejenta. Det kom ei dame og ropte opp nummeret eg hadde på lappen min. Eg reiste meg opp. Når eg reiste meg opp flaug det dun ut av hullet. Og det var ikkje litt dun. Det såg ut som nokon hadde tatt med seg ei pute og reve den opp midt på venterommet. På andre sida av lokalet satt der eit par som begynte å skrattflire. Høgt. Dama som kom for å rope opp nummeret mitt fniste. Når eg var ferdig og på veg ut satt dei som såg meg endå på venterommet. Stolen eg satt på var kvitkledd av fjær. På gulvet låg det noko som likna på små snøflak. Dei begynte å fnise med ein gong dei såg meg og speida etter meg når eg gjekk ut.

Eg tenkte at no var det verste over. No kom det ikkje meir dun. Det kunne no ikkje vere meir igjen. Så eg gjekk på Moa med Debora. Plutseleg høyrte eg nokon bak meg: "Oi... Snør det??", sa ho til mannen som gjekk ved sidan av ho. "Nei.. dette er ikkje snø..?". Eg begynte å gå litt fortare. Ho lo etter meg og berre: "Er det du det snør frå?". Eg berre "Ja".

Så altså. Eg kjøpte meg ny jakke.

...var den fin?

 

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.