hits

DIY revekostyme!

Idag var det karneval i barnehagen til Mikkel. Eg tenkte at det hadde vore perfekt og nusseleg om han var utkledd som ein rev. Difor leita eg moa rundt etter revekostyme, men det var ikkje til å finne. Så då tok eg saken i eigne hender og laga kostyme sjølv!

For å lage ein hale, trenger ein eit kvitt garnnøste, og eit oransje. Fyrst knyter ein ei lang flette i kvitt garn med 15 lengder like lang som ein vil halen skal vere, men lar det vere igjen ein del lause trådar på slutten. Ca 15cm lange. Så tek ein ein børste, og børster ut dei lause trådane til det ser ut som pels. Etter det tek ein oransje garn, og klipper til 15 lengder på 20cm. Ein tek ein tråd i midten og børster ut slik at det ser ut som pels. Ein treng vel omtrentleg 20 stykk av dette, alt etter kor lang halen skal vere. Så knyter ein fast dei oransje "pelsdottane" oppover fletta.

Øyrene er laga veldig enkelt. Eg tok eit øydelagt diadem, og klipte ut to doble reveøyrer i filt som eg fyrst limte på med tekstillim. Det satt ikkje så godt, så eg sydde dei fast for hand i tillegg. Deretter tok eg tekstillim på øyrane, og la restane frå garnet som blei børsta (det blei mykje garn som såg ut som ulldottar når eg lagde halen) på øyrane. Ferdig!

Kva synes du er det kulaste karneval kostymet?

Nokon som har lyst på ein meir skikkeleg tutorial med bilete av korleis ein lagar hale?

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

2 kommentarer

CamyReed

02.02.2018 kl.22:25

ååå for en herlig liten rev<3 Så flink og kreativ du har vært. Ha en kjempe fin helg<3
CamyReed: Tusen takk <3

Skriv en ny kommentar

Lik meg på facebook

Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.