3 år

3 år. Barnehagegut. Full fart på små bein. Nysgjerrig på livet. Akkurat fått dreisen på å sykle på trehjulssykkel. Aktiv, strevsom, men ikkje minst ein morosam alder. Pratar i setninger med fleire ord. Trassalder. Eit ynskje om å bli meir sjølvstendig. Storesysters beste venn, sjølv om dei kranglar når lillebror ikkje leikar slik som ho hadde tenkt. 3 år. Bursdagskrone. Kake og familieselskap. Bursdagsgåver. Feiring i barnehagen. Ein liten gut som sluker i seg sjokoladekake og riv opp gåvepapir. 3 år.

3 år. Ein gravstein. Eit sakn over alt eg mista og alt som aldri blei. Blomster. Tente lys. Aldri vil eg gløyme, Loke. Du skulle ha vore 3 år. Kvifor? Kvifor akkurat min gut? Kontrastane av det som skulle vore, og det som er er så store. Eg mista ikkje berre det du var, men og alt du skulle bli. Aldri vil eg gløyme, Loke. Idag hadde du vore 3 år og barnehagegut i full fart på små bein.

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

Les mer i arkivet » September 2017 » August 2017 » Mai 2017

Lik meg på facebook


Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.
    hits