Corpse bride - DIY kostyme

På Laurdag var eg på Halloweenfest med Tim Burton tema. Eg kledde meg ut som Emily frå ''Corpse Bride''. Sminken og håret er fiksa av Elisabeth Daniel som er ein utruleg dyktig frisør som held til i Ålesund sentrum. Ho er veldig kreativ og fikser alt frå hår, brudesminke og spesialsminke som på meg. Eg anbefaler ho på det varmaste! Brudekjolen er kjøpt på finn og eg farga den med blå tekstilfarve. Sløret kjem frå Ebay og det har eg brent mange hull i og tråkka ned i gjørma for å få ein look av at eg har kome opp frå grava. Blomekransen på hovudet er og frå Ebay og er spraya med svart og blå farve for å gje ein meir daud utsjånad på blomane. Brudebukketen er frå eit bryllaup i 2015 som eg har tørka og bevart. Eg har jo blått hår, men sidan Emily i filmen har langt hår har eg brukt clip on extensions.

''With this hand I will lift your sorrows. Your cup will never be empty, for I will be your wine. With this candle, I will light your way into darkness. With this ring, I ask you to be mine.''

- Victor Van Dort.

''Maybe perhaps he does belong with her...
...Little Miss Living, with her rosy cheeks and beating heart.
''

- Emily

Nokon av dokker har kanskje ikkje sett Tim Burton filmen ''Corpse Bride'', så eg legg ut nokon bilete av Emily frå filmen. Så kan dokker sjølv vurdere om kostymet liknar på karakteren eg har tatt utgangspunkt i.

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

#halloween2017look

Hjelp lille Jessica å gå

Trykk her for å kome til facebooksida ''Hjelp lille Jessica''.

Ein venn av meg, Daniel Felipe, er adoptert og fekk møte sin biologiske familie for fyrste gong no i September-Oktober. Det har vore ein lang reise for han før han fekk møte dei no i år.

Eine niesa hans, Jessica, har klumpfot og klarer ikkje å gå. Familien må bære ho, og ho kan ikkje springe rundt og leike slik som andre born gjer. Når dei dro til legen med ho var det einaste dei gjorde å gje ho litt gips på foten, noko som selvfølgeleg ikkje hjalp.

Heilt sida han kom heim att til Noreg har han hatt ein stor klump i onkel-hjartet sitt. Han ynskjer å gjere alt han kan slik at Jessica får den hjelpa ho treng og fortjenar, slik at ho kan gå på begge beina sine og leve som eit normalt born. Eg tenkjer at dette er eit flott intiativ og eg skriv difor dette blogginnlegget for å spre ordet. Eg håper at dokker og tenkjer at dette er ein sak dere vil støtte. Målet er å samle inn nok penger til ein operasjon og hjelp til å kunne gå.

Eg håper at dokker som les dette går inn på facebooksida hans og lika, og fylgjer med når han etter kvart kjem med meir informasjon. Eg legg og med ein video av Jessica under slik at dokker kan sjå kor stort problemet med føttane hinnar er.

Alle born fortjenar ein framtid.

Følg Turkistliv på Instagram med å trykke her!

Lik gjerne Jenta med det blå håret på facebook.

Les mer i arkivet » Oktober 2017 » September 2017 » August 2017

Lik meg på facebook


Følg meg på blogg.no

Instagram


  • Om meg



  • Skap meg ikkje om med skugge.
    Eg vil vera den eg vart.
    Eg er sorg i kvite klede,
    Eg er gleda kledd i svart.

    Skap meg ikkje om med glede,
    eg vart den eg ville bli :
    Konge i eit ukjent rike,
    Slave i mi eiga tid.
    hits